Alt innhold © Folke Helle 2010
Mansjettknapp sølv
Vare nr. OF-1 Kr. 750,-
Ogmund Finnsson – med kongeleg teft
Ogmund Finnsson (ca 1315-1388 ) levde på storgarden Hæstby ( Hesby ) på Finnøy i Ryfylke. I
lengre perioder var han trulig den mest framtredande personen i Noreg.
Ogmund Finnsson var riddar og riksråd, og i to periodar fungerte han som drottsete. Den som var
drottsete styrte landet på vegne av kongen, og med same rettar som kongen sjølv.
Ogmund Finnsson var først drottsete for Håkon 6. Magnusson ( 1366-1371). Håkon heldt seg
mykje utandlands på krigstog eller i Sverige, som var hans heimland. Sonen til Håkon, Olav 4.
Håkonsson, var berre 10 år då han blei konge i Noreg. Ogmund Finnsson fekk nok ein gong
oppgåva med å vera drottsete ( 1380-1386), ettersom Olav var umyndig.
Truleg kom også Ogmund Finnsson frå kongeleg slekt. Det kan me sjå ut frå seglet han brukte, der
2 løver held eit skjold. Då forstår me kor høg status stormennene på Hæstby hadde.
Ogmund Finnsson var også sysselmann i Ryfylke, i alle fall frå 1347, og truleg var Hæstby
setegard og adminstrativt senter.
Kjelde: Gards og ættesoga frå Finnøy
Kvifor Ogmund Finnsson i tinn og sølv ?
Me hadde lenge tenkt på å laga noko med utgangspunkt frå Noreg si historie. Ettersom sølvsmia
vår er på Finnøy, blei det naturleg å knyta produkta opp mot Ogmund Finnsson. Og i 2003 blei
planane sett ut i live.
Fritt etter Ogmund Finnsson sitt segl har me laga ulike produkt som spenner frå bruksting til
prydting, ja helst i ein kombinasjon. Alle produkta du ser her har det store seglet til Ogmund
Finnsson som det berande motivet.
Me er stolte av å presantere desse produkta , og vonar dei vil vera til nytte og glede i åra som
kjem.
Alle produkta kan skaffast hjå Sølvsmeden på Finnøy enten i butikken på Sølvflaten eller du kan
og bestille på e-post.
Desse produkta lages etter ein ide av Bjørg Helen og Folke Helle.
Slipsklype sølv
Vare nr. OF-2 Kr. 650,-
Jakkemerke sølv
Vare nr. OF-3 Kr. 400,-
Osteknapp sølv
Vare nr. OF-4 Kr. 400,-
Anheng m/kjede sølv
Vare nr. OF-5 Kr. 600,-
Anheng u/kjede sølv
Vare nr. OF-6 Kr. 450,-
Øreheng sølv
Vare nr. OF-7 Kr. 600,-
Ring sølv
Vare nr. OF-8 Kr. 700,-
Armbånd sølv
Vare nr. OF-9 Kr. 750,-
Tannpirkerstaup tinn
Vare nr. OF-10 Kr. 525,-
Tomling tinn
Vare nr. OF-11 Kr. 275,-
Tomling 2pk tinn
Vare nr. OF-11-2 Kr. 500,-
Ostehøvel tinn
Vare nr. OF-12 Kr. 425,-
Paispade tinn
Vare nr. OF-13 Kr. 425,-
Brevåpner tinn
Vare nr. OF-14 Kr. 425,-
Flaskeåpner tinn
Vare nr. OF-15 Kr. 400,-
Salatbestikk tinn
Vare nr. OF-16 Kr. 1100,-
Sysselmannens staup tinn
Vare nr. OF-17 Kr. 1350,-
:: Butikk ::
:: Verksted ::
:: Kontakt oss ::
:: Ogmund Finnsson ::
:: Bunadssølv ::
:: Bestikk ::
:: Dåpsgaver ::
:: Ringer ::
:: Nyheter ::
:: Annonser ::
:: Om oss ::